Dorry/Notbåt. 30,5 cm Skala 1:30 (1 stk)
Laserskåret trebyggesett. Alle planker er ferdig skåret. byggebedding følger med. Resinprintede deler er med i settet.
Denne modellen er ikke for helt nybegynnere.
Lengde: 30,5 cm
Bredde: 9,1 cm
Modellen passer til Astraal.
Doryen som vart brukt under snurpefiske var ein større og kraftigare båt. Han vart og kalla notbåt eller posebåt. Snurpenota vart teken i bruk til sildefiske tidleg på 1900-talet. For å sette ut nota og snurpe ho saman, vart det brukt to båtar. I starten vart desse båtane framdrivne av roarar. Etter kvart som nøtene vart større, vart og doryane større. Då det kom brukbare motorar vart dei innsette i notbåtane. Det minka på slitet til fiskarane, og større fart i setting av nota gjorde det lettare å fange silda. Fiskefartøyet kunne heise notdoryane opp etter Davitar slik at dei hang ein på kvar side. Dei viktigaste distrikta for bygging av slike båtar var Hardanger og Tresfjord i Møre og Romsdal Då kraftblokka kom i bruk til snurpefiske, var det ikkje bruk for snurpedoryane lenger. Mange vart selde til bruk som fritidsbåtar.